Solveig Oksholm Hunhammer
Eiendomssjef, Region Vest, Kjøpesenter
AMFI Knarvik ligg i Knarvik, som er kommunesenteret i Alver og regionsenteret i Nordhordland. Senteret har 50 butikkar og spisestader, og er den naturlege møteplassen for handel og kultur i området.
AMFI Knarvik er sentralt plassert rett ved E39, med bussterminal berre nokre meter unna og 25 minuttar køyretid til Bergen. Med rundt 1000 parkeringsplassar og 2 timer gratis parkering, er det enkelt å besøkte oss, anten ein kjem til fots, med bil eller kollektivtransport. Senteret, som opna i 1978 (då som Knarvik Senter), har ein rik historie og har sidan 2021 vore forvalta av Olav Thon Gruppen. I oktober 2022 blei senteret pussa opp og omdøypt til AMFI Knarvik, og vi er stolte av å kunne tilby eit attraktivt og hyggeleg miljø for både butikkar og kundar. I 2023 hadde senteret 2,5 millionar betalande kundar.
AMFI Knarvik er marknadsleiar i Nordhordland. Primærmarknaden er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Gulen og nordre del av Åsane (52 000 innbyggjarar). I Nordhordland er det rundt 6000 hytter/fritidsbustader, og Alver er kommunen med flest hytter på heile Vestlandet. Dette er ein stor og viktig kundegruppe gjennom heile året.
AMFI Knarvik har ein god butikkmiks med rundt 50 butikkar, kafear, spisestader, samt bibliotek, innbyggjarservice, NAV, politi og ulike helsetenester. Butikkmiksen består av kjedebutikkar og nisjebutikkar med kjente merkevarer. Ein del av butikkane er unike, lokaleigde butikkar som ikkje finst andre stader.
Vinmonopolet, Meny, Bunnpris, Power, Apotek, Sport 1, Sport Outlet, Normal, Lindex, Cubus, Dressmann, Mester Grønn, Kid Interiør, iSushi og Baker Brun
Ønskjer du lokale her?
Send oss ein førespurnad med informasjon om konseptet ditt, og me hjelper deg med å finna rett lokale.
Nærmiljøet rundt AMFI Knarvik byr på eit variert handel- og helsetilbod og flotte friluftsområde. Området rundt senteret er i sterk vekst, og det er planlagt utbygging av rundt 400 nye bustader i gangavstand til senteret i løpet av dei næraste åra.
Rett ved senteret er det barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Den sentrale plasseringa rett ved E39 samt det gode kollektivtilbodet gjer senteret til eit knutepunkt i regionen.
AMFI Knarvik er hjarte i lokalsamfunnet og den gode møtestaden for handel og kultur.
Eiendomssjef, Region Vest, Kjøpesenter
Fyll ut skjemaet under, så hjelper vi deg med å finne riktig lokale til ditt konsept. Felter merket * må fylles ut.